onsdag, mai 10, 2006

Det var ein gong at ferien i Spania var over. Då tok "Hroar den Stakkaslige" turen til Uslteinvik, der tida som vanlig gjekk med til tant og fjas. Etter få dagar tok han nok ein gong på seg sekken og headsetter, og reiste ned igjen til Oslo med friskt mot. Oslo var ein spennande by med mange uante moglegheiter. Nattelivet med konsertane, dagane på lesesalen med ein og anna tur innom "sentrum", og kanskje litt komponering. "Hot Roar" likte dette livet svært bra, og sammen med sine nye og gamle vennar gjekk mykje av tida med til bordtennis og grillmat. Men oppe i det fine eventyret kom opplysningar ut til ein viss person, noko som kom som ei lita overraskning. Men heilt uventa var det vel heller ikkje. Gutten med det alt-for-lange-håret tenkte også at han gjerne skulle ha lest meir, men han hadde høyrt snakk om at ein ikkje kan få i både pose og sekk. Dette slo han seg til ro med nok ein dag, med løfter om å vere ei meir flittig mus dei komande dagane. Trøtt etter ein lang dag med studering, shopping, soling og Radiohead gikk gode gamle H. til sengs, vel vitande om "drømme-våren" han hadde fått lovnad om heilt frå Stavanger med sendebud. Og snipp, snapp, snute, så var innlegg nr. 150 ute.

Ingen kommentarer: