tirsdag, mai 30, 2006
Den eksamenstida, den eksamenstida. Fikk mej et lite avbrekk no i helga, men brukte mykje av turen til å lese. E likevel verdt å påpeike at det va en bra tur, og at det finaste ej noken gong he høyrt va då han David Gilmour song Coming Back to Life til mej. Ja, ej fikk ei lita tåre i auekroken då! Ferie hadde ikkje vore heilt feil, men må vel klare å holde ut 10 daga til.
torsdag, mai 25, 2006
I morga reise ej og min gode far til Manchester for å sjå David Gilmour. Gler mej intenst! Kan det bli bedre? Klart, ej he no longe daga for tida, og mykje å lese og slikt, men alt e egentlig slik det skal vere. Og som mellom-mann i ei lita sak, so ser ej at ting kunne ha vore bedre for enkelte andre i Oslo, men det he egentlig ikkje so mykje med mej å gjer. Hadde uansett ikkje vore feil viss livet smilte litt meir til litt fleire litt oftare (inkluder mej), men ej klaga ikkje meir enn nødvendig. Og når ej i bakgrunnen høyre på Flava To Da Bone - Even If The Rain, so innser ej at ej egentlig he det brillefint (kanskje ikkje so mykje pga. songen).
søndag, mai 21, 2006
Og der gikk startskuddet for eksamenslesinga. No blir det lesing kvar einaste dag fram til eksamenane e ferdig, muligens med litt unntak når ej skal til Manchester i slutten av neste veke (sjøl om ej skal prøve å få lest litt då med). Blir bra med litt "Shine On You Crazy Diamond" oppe i det heile. Men no kalla "Den store fortellingen" på mej... Eksamen here we come!
onsdag, mai 10, 2006
Det var ein gong at ferien i Spania var over. Då tok "Hroar den Stakkaslige" turen til Uslteinvik, der tida som vanlig gjekk med til tant og fjas. Etter få dagar tok han nok ein gong på seg sekken og headsetter, og reiste ned igjen til Oslo med friskt mot. Oslo var ein spennande by med mange uante moglegheiter. Nattelivet med konsertane, dagane på lesesalen med ein og anna tur innom "sentrum", og kanskje litt komponering. "Hot Roar" likte dette livet svært bra, og sammen med sine nye og gamle vennar gjekk mykje av tida med til bordtennis og grillmat. Men oppe i det fine eventyret kom opplysningar ut til ein viss person, noko som kom som ei lita overraskning. Men heilt uventa var det vel heller ikkje. Gutten med det alt-for-lange-håret tenkte også at han gjerne skulle ha lest meir, men han hadde høyrt snakk om at ein ikkje kan få i både pose og sekk. Dette slo han seg til ro med nok ein dag, med løfter om å vere ei meir flittig mus dei komande dagane. Trøtt etter ein lang dag med studering, shopping, soling og Radiohead gikk gode gamle H. til sengs, vel vitande om "drømme-våren" han hadde fått lovnad om heilt frå Stavanger med sendebud. Og snipp, snapp, snute, så var innlegg nr. 150 ute.
Abonner på:
Innlegg (Atom)