onsdag, oktober 31, 2007

hmm.. skal slutte på studiet til nyttår. deilig! ellers he ej omtrent skreve like lite her, som ej he fått tid til andre hobbya i høst. håpe ej fe meir tid framover...

tirsdag, august 21, 2007

hmm... hekje ej skreve noke sida før irland? skal sei tida går frå mej. no e ej i alle fall på plass i oslo igjen, og he starta på HiO. hadde fronter-kurs i dag. kanskje min største hat aktivitet... e litt usikker, men lika det i alle fall dårlig. men skulen virka no grei den, og klassa e berre kos. men det he vore litt stress å starte. longe daga, trøbbel med leiligheita, vanskelig å skaffe politiattest og en litt ulur spontan telefonsamtale.

Ellers e det enda meir trøbbel med internet-sidene mine.. angra bittert på at ej noken gong syns det hørtes ut som en god ide å lage dei. Kanskje ej skifta meining seinare, og smila og e glad, men det ekje no i alle fall. men no høyres ej berre sytete ut. ej e egentlig veldig glad, og he det brillefint for tida. he til og med starta å sykle til skulen, sporty som ej e. spørst kor lenge det vare :)

torsdag, juli 05, 2007

For et liv, for eit stress. Hroar.com he vore nede eit par veke no, og monge av dei gamle tinga e vekk for evig ser det ut til. Heldigvis hadde ej en kopi av det meste, so det vart erstatta, og sida e no sånn ca. som den va før. Galleriet overlevde, men det gjorde ikkje rabbe-sida. Trist, men sånn e livet. Den e no starta på nytt om ikkje anna, so får vi håpe på eit lengre liv den gongen her. Og so mista ej den flotte besøkstellaren ej hadde, so den he no starta på 0 igjen. Trist.

Ellers he ferien vore fin hittil. Gøy på action, og gøy i vik. Bra nok for mej i alle fall. Og no etter noken daga til her, noken daga på sauøya, i trondheim og på moldejazz, so skal ej og foreldra mine til irland. Det blir stas.

Ej overlevde i alle fall eksamensperioda, og he til og med funne mej leiligheit til høsten. Håpe berre vi finne oss en ny 3. mann før vi flytta inn... men det får ej ta når ej fe snakka med han Erik. Gler mej i alle fall til høsten.

tirsdag, april 24, 2007

Ok, då e det berre å lase ned musikken min! Den ligge under musikk, på menyen på venstre-side, i enten AAC eller MP3. AAC e i best kvalitet.

Det blir berre i foreløpig greie det her... E i alle fall 1 song som fortjena ny vokal (sikkert egentlig alle), og so kan det hende ej fe spelt inn skikkelige tromme på noken songa utover våren. Tilbakemelding e alltid kjekt!

onsdag, april 11, 2007

Jepp, jepp. Hepp, hepp. Snart 2 måneda sida sist post, og sikkert like lenge til neste. Ja, utenom dei obligatoriske "no kjeda ej mej grenselaust i eksamensperioda"-postane. Ej he no i alle fall klart å legge inn en søknad på allmennlærar og lektor no, so fe vi sjå ka ej bestemme mej for før den deilige omprioriterings-fristen. Påska e vel forøvring over sånn ca. i dette nu, og den deilige friheita e over. He no vore en bra ferie, med hits som Sunmørsspelet, 250g meny, cafebaren, Absolute Music og djevelen sjøl (facebook). Og en skulle vel tru at det stoppa der, men neida.

"Nok ein ferie, nok ei moglegheit til å ommøblere huset, tenkte far og mor. Hroar var einig for ein gongs skuld, og var villig med på leiken."

Og for å toppe det heile, so tapte ej 50 krone i poker, og satt enda eit par tima på facebook. Phu.

Men der e "one more thing". I dag sei ej mej ferdig med ei lita samling av songa ej he skrapa sammen siste 18 måndeane, og kalla den for Demo. Orginalt og fint navn syns ej. Ej legge den til og med ut på internet, i 160kbps Mp3 og 256kbps AAC. Dei kjeme sikkert her på sida snart :)

lørdag, februar 17, 2007

Hei, kjære dagbok! Tenkte ej måtte få brukt den setninga med en gong. I dag he ej tatt en hørsel-test, noke ej tenkte va en grei ting å gjer. Han legen sa at alt va normalt, men ej syns ej såg eit lite fall på 6kHz på høgre øret. Ej velge i alle fall å skylde på han Ryan for den der. Ellers va no ej på Marita i dag, og det va faktisk overraskande mykje hyggeligare enn forventa. Det va faktisk skikkelig kjekt å sitte å snakke med alle luringane der, og etterpå vart ej med en av dei som jobba der på spasibar. Jada, i dag fyre ej virkelig på med dei unødvendige detaljane.

Akkurat no he ej bestemt mej for ka ej skal den neste veka, og det blir faktisk til at ej blir her noken daga, før ej skal heim en tur og besøke krøplingane der og slikt. Og til neste helg skal ej til trondheim. Ej innser at ej må skru ned forventningane etter bergens-turen, men tenke det skal bli bra alt sammen. Og når det gjelde dei jazz-hendene som ej etterlyste, so he ej sett eit par små hende her og der i diverse buske og kratt siste dagane. Det ej prøva å sei på min vanlige, alt for innvikla og detaljerte, måte, e at ej e i litt ekstra godt humør om dagen. Veit ikkje heilt ka ej skal skylde på for den tilstanden.

Ellers veit ej rett og slett ikkje ka som e verdt å fortelle frå mitt usedvanlig spennande liv. Ja, utenom at den som e mest kritisk til klea mine i heile verda, syns ej hadde fått mej en fin gensar her en dag. Det va no litt ekstra hyggelig då, sida det sannsynligvis e første gong i historia at slikt skjer. Men kanskje ikkje akkurat noke å skrive heim om. So kanskje ej skal gi mej der, og heller ta mej til en anna aktivitet enn tastatur-tasting på slik en kveld.

søndag, januar 14, 2007

Då va den skikkelige våren i gang. Ej he leita lenge, men ej finne verken silkesenga mi eller 3-retters måltid på MF. Og ej venta fremdeles i spenning på alle jazz-hendene! Du kan vel kanskje sei at mine spådoma om dei første dagane i semesteret ikkje va heilt riktige, men ej e likevel fornøgd med det ej he fått riktig. Ej he allerede hatt monge fine daga og kvelda, og det til tross for at det e færre folk i Oslo det semesteret her. Og no når her faktisk e litt færre folk, so fe ej berre meir tid til kvar av dei. Og so e no dei som e her eit godt utvalg når det først skal vere få. Det e på en måte en vinn-vinn situasjon. So kan alle dei som ikkje e her heller berre ha det so godt, for dei går glipp av det som skjer her!

Jaja, må vere lov å tru litt om sej sjøl og sine.

Poenget mitt e, uansett kor suppete det måtte høyres ut, at ej sette ufattelig stor pris på vennane mine som e her. So får ej vel berre håpe på at det gjelde den andre veien også. Ellers fikk ej høyre i går om noken bra nyheite om ei ej jobba sammen med en gong, og oppdaga diverse anna som kanskje ikkje va so bra. Mykje å tenke på i alle fall.

tirsdag, januar 02, 2007

Då va det nye året i gong. Nok en middelmådig start på det nye året her i vik. Kanskje hakket meir blotta for stemning enn normalt til og med. Men det enda då godt, so ej skal ikkje klage for mykje. Og viss ej trekke frå eit par tima so hadde ej egentlig ein veldig trivelig kveld. Følelsen av at ferien snart e over e stadig meir aktuell, og reisa til Oslo e berre daga i frå. Må egentlig sei ej gler mej litt også her ej sitte å gnafsa på konfekt. Kanskje ikkje so mykje til skulen, men det å komme tilbake til en kvardag med dei folka som venta mej i tiger-staden. Ej kan sjå det for mej, der ej kjeme sprettande bort mot studenterhjemmet, kasta frå mej bagasjen i sakte film, tap-dansa opp langs veiane forbi st hanshaugen på vei for å besøke mine vakre, fantastiske venna, før ej hoppa mej på bussen mot majorstua, der heile bussen bryte ut i allsong av I'm Singing in the Rain. På vei mot MF hoppa det fram kjentfolk bak kvar eit hjørne og lystige fjes med dansande hende sprette fram bak kvar ein lyktestolpe. På MF blar ej opp 39,- for eit 3-retters måltid, før ej slenge mej ned på silke-senga mi i hybelen. Der blir ej liggande å sjå på TV, mens trøtt-mett-heita fe lagt sej, før overraskelsesbesøka kjeme i tur og orden. Heile kalaset slutta med at ej fe vite at ho Marthe he flytta til Oslo igjen, og at ho Helena droppa turen til Chile for å få med sej all kvalitetstida i Oslo. Til slutt ligge ej i senga og sovna stille inn, mens ej fremdeles høyre lyden av han Kristian som e på vei ut døra mens han synge på Songbird, og ho Grethe som sitte og banna mens ho febrilsk prøva å komme sej forbi siste-bossen i Donkey Kong. "Perfekt", tenke ej med mej sjøl. "Og ej som trudde det kom til å bli en ny drømme-vår også uten alle overraskelsane." Og der ligge ej og drømma om alt som skal skje utover våren, om alle dei longe kveldane og gode samtalane, om alle dei hyggelige middagane og kveldane ute, og sist men ikkje minst om bollane som ei viss stavanger-jente kjeme og dela ut under eksamenslesinga. Mmm...