søndag, januar 14, 2007

Då va den skikkelige våren i gang. Ej he leita lenge, men ej finne verken silkesenga mi eller 3-retters måltid på MF. Og ej venta fremdeles i spenning på alle jazz-hendene! Du kan vel kanskje sei at mine spådoma om dei første dagane i semesteret ikkje va heilt riktige, men ej e likevel fornøgd med det ej he fått riktig. Ej he allerede hatt monge fine daga og kvelda, og det til tross for at det e færre folk i Oslo det semesteret her. Og no når her faktisk e litt færre folk, so fe ej berre meir tid til kvar av dei. Og so e no dei som e her eit godt utvalg når det først skal vere få. Det e på en måte en vinn-vinn situasjon. So kan alle dei som ikkje e her heller berre ha det so godt, for dei går glipp av det som skjer her!

Jaja, må vere lov å tru litt om sej sjøl og sine.

Poenget mitt e, uansett kor suppete det måtte høyres ut, at ej sette ufattelig stor pris på vennane mine som e her. So får ej vel berre håpe på at det gjelde den andre veien også. Ellers fikk ej høyre i går om noken bra nyheite om ei ej jobba sammen med en gong, og oppdaga diverse anna som kanskje ikkje va so bra. Mykje å tenke på i alle fall.

tirsdag, januar 02, 2007

Då va det nye året i gong. Nok en middelmådig start på det nye året her i vik. Kanskje hakket meir blotta for stemning enn normalt til og med. Men det enda då godt, so ej skal ikkje klage for mykje. Og viss ej trekke frå eit par tima so hadde ej egentlig ein veldig trivelig kveld. Følelsen av at ferien snart e over e stadig meir aktuell, og reisa til Oslo e berre daga i frå. Må egentlig sei ej gler mej litt også her ej sitte å gnafsa på konfekt. Kanskje ikkje so mykje til skulen, men det å komme tilbake til en kvardag med dei folka som venta mej i tiger-staden. Ej kan sjå det for mej, der ej kjeme sprettande bort mot studenterhjemmet, kasta frå mej bagasjen i sakte film, tap-dansa opp langs veiane forbi st hanshaugen på vei for å besøke mine vakre, fantastiske venna, før ej hoppa mej på bussen mot majorstua, der heile bussen bryte ut i allsong av I'm Singing in the Rain. På vei mot MF hoppa det fram kjentfolk bak kvar eit hjørne og lystige fjes med dansande hende sprette fram bak kvar ein lyktestolpe. På MF blar ej opp 39,- for eit 3-retters måltid, før ej slenge mej ned på silke-senga mi i hybelen. Der blir ej liggande å sjå på TV, mens trøtt-mett-heita fe lagt sej, før overraskelsesbesøka kjeme i tur og orden. Heile kalaset slutta med at ej fe vite at ho Marthe he flytta til Oslo igjen, og at ho Helena droppa turen til Chile for å få med sej all kvalitetstida i Oslo. Til slutt ligge ej i senga og sovna stille inn, mens ej fremdeles høyre lyden av han Kristian som e på vei ut døra mens han synge på Songbird, og ho Grethe som sitte og banna mens ho febrilsk prøva å komme sej forbi siste-bossen i Donkey Kong. "Perfekt", tenke ej med mej sjøl. "Og ej som trudde det kom til å bli en ny drømme-vår også uten alle overraskelsane." Og der ligge ej og drømma om alt som skal skje utover våren, om alle dei longe kveldane og gode samtalane, om alle dei hyggelige middagane og kveldane ute, og sist men ikkje minst om bollane som ei viss stavanger-jente kjeme og dela ut under eksamenslesinga. Mmm...