Hei, kjære dagbok! Tenkte ej måtte få brukt den setninga med en gong. I dag he ej tatt en hørsel-test, noke ej tenkte va en grei ting å gjer. Han legen sa at alt va normalt, men ej syns ej såg eit lite fall på 6kHz på høgre øret. Ej velge i alle fall å skylde på han Ryan for den der. Ellers va no ej på Marita i dag, og det va faktisk overraskande mykje hyggeligare enn forventa. Det va faktisk skikkelig kjekt å sitte å snakke med alle luringane der, og etterpå vart ej med en av dei som jobba der på spasibar. Jada, i dag fyre ej virkelig på med dei unødvendige detaljane.
Akkurat no he ej bestemt mej for ka ej skal den neste veka, og det blir faktisk til at ej blir her noken daga, før ej skal heim en tur og besøke krøplingane der og slikt. Og til neste helg skal ej til trondheim. Ej innser at ej må skru ned forventningane etter bergens-turen, men tenke det skal bli bra alt sammen. Og når det gjelde dei jazz-hendene som ej etterlyste, so he ej sett eit par små hende her og der i diverse buske og kratt siste dagane. Det ej prøva å sei på min vanlige, alt for innvikla og detaljerte, måte, e at ej e i litt ekstra godt humør om dagen. Veit ikkje heilt ka ej skal skylde på for den tilstanden.
Ellers veit ej rett og slett ikkje ka som e verdt å fortelle frå mitt usedvanlig spennande liv. Ja, utenom at den som e mest kritisk til klea mine i heile verda, syns ej hadde fått mej en fin gensar her en dag. Det va no litt ekstra hyggelig då, sida det sannsynligvis e første gong i historia at slikt skjer. Men kanskje ikkje akkurat noke å skrive heim om. So kanskje ej skal gi mej der, og heller ta mej til en anna aktivitet enn tastatur-tasting på slik en kveld.
lørdag, februar 17, 2007
Abonner på:
Innlegg (Atom)